Tuesday, August 25
Våt helg
Friday, August 21
Tine reloaded
Eg er tilbake på Kalbakken, ved ein pult, framfor ein pc, med headset på hovudet, marsipankake i magen og ti liter premiumjuice i posar ved føttene mine. Det er ikkje så ille å vere tilbake. 2 dagar i veka skal gå heilt fint. Lønn og meieriprodukt veg opp for tidlege morgonar og tidvis kjipe kundar. Dessuten treng eg ikkje stå opp så tidlig når eg overnattar i den nye leiligheten. 10 minutters gange frå Oslo S er ganske fint, sjølv når det regnar.
Gler meg til helg! Bli brisen, dra ut, danse, dra heim, nyte dagenderpåfrukost, lørdagsfest og søndagsmiddag. Og prøve å vere ajour med pensum...
Gler meg til helg! Bli brisen, dra ut, danse, dra heim, nyte dagenderpåfrukost, lørdagsfest og søndagsmiddag. Og prøve å vere ajour med pensum...
Thursday, August 20
Flytting
Ach. Flytting igjen. Dog i små dosar. Ein koffert idag, same koffert med ulikt innhald seinare i veka. Osv.
Eg skal bu saman med Eva dei neste tre dagane fram til ho reiser til Asia. Deretter får eg ein leilighet i sentrum å boltre meg i heilt aleine, sånn ca. Og boltringa kjem til å bestå av lesing, suppekoking, lange frukostar, sofakos og studiestressing. Eg gler meg allereie.
...og studiestressinga har allereie byrja. Var på mi første forelesing på mandag. I litteraturvitenskapeleg teori. Roland Barthes = kjip. Pensum er fullt av framandord (men eg har kjøpt meg framandordbok) og halvsidelange setningar. Og pensumlitteraturen er dyr! Men I get by with a little help from amazon.
Og andre fantastiske vener i nøden/på Blindern: yndige Ida & Inga.
The soundtrack of my life for augneblinken: Vampire Weekend.

Monday, August 17
Slutten av ferien
Friday, August 14
Øya
Eg er halvvegs i Øyafestivalen og har allereie sett Wilco. Dermed er det beste og viktigaste over, men eg gler meg likevel til idag og imorgon. På onsdagen var eg varm og rimeleg lettkledd i sola, for så i neste augneblink å bli søkkvåt i regnet. Dermed tok eg lærdom og kledde meg i støvlar og regnjakke igår, og venta forgjeves på regn. Men sånn utanom veret har det vore hyggelig. Å henge meg Silja og Tone, og møte ymse kjente meir eller mindre tilfeldig rundt omkring. Kosa meg og var ganske delirisk glad under Wilco-konserten, kjeda meg under Glasvegas, oppdaga Tønes og Vampire Weekend og blei stadig meir passiv aggresiv under Arctic Monkeys (såg for meg kor mykje nytte eg kunne hatt av ein stungun i publikum, eventuelt korleis det ville vore å stappe tente sigarettar feil veg inn i munnen på fulle og farlige røykarar). Ellers har eg hatt første skuledag, i form av eit tretimar langt infomøte. Og har kosa meg max saman med Drømmemannen. :)
Tuesday, August 11
Feminin ferie
Den siste veka har eg vore i England. Eg og Mamma besøkte Granny, og dermed var vi tre generasjonar Woll/Oltedal-kvinner. Kozelig. Mat i massevis, til og med ein ny oppdagelse; sweetbreads i kvit saus (visstnok noko lite som både dyr og menneske har i halsen, men som blir mindre når ein veks opp...). Dessuten har eg shoppa, gått turar i superflatt terreng, ledd av "Hangover" og savna Daniel & Oslo.
Men no er eg endelig tilbake :)
Saturday, August 1
Kjærleik i Bergen
Det er deilig å vere på besøk i Bergen. Sålangt har eg nytt tre deilige måltid. Først sushi-brunch ein interiørmessig fantastisk leilighet på Landås. Deretter treretters på Potetkjelleren (foie gras, andebryst og ost :D) og idag ein herlig lang frukost med ferskt valnøttbrød, uendelig mengder kaffi og den gode samtale. Ikveld blir det tapas og sansynligvis altfor mykje rødvin.... med tanke på at flyet mitt går klokka 07.25 imårra tidlig :P
Men kanskje det aller beste med dette Bergensoppholdet står i ein vase på bordet. <3
Subscribe to:
Posts (Atom)