Eg er tilbake på Kalbakken, ved ein pult, framfor ein pc, med headset på hovudet, marsipankake i magen og ti liter premiumjuice i posar ved føttene mine. Det er ikkje så ille å vere tilbake. 2 dagar i veka skal gå heilt fint. Lønn og meieriprodukt veg opp for tidlege morgonar og tidvis kjipe kundar. Dessuten treng eg ikkje stå opp så tidlig når eg overnattar i den nye leiligheten. 10 minutters gange frå Oslo S er ganske fint, sjølv når det regnar.
Gler meg til helg! Bli brisen, dra ut, danse, dra heim, nyte dagenderpåfrukost, lørdagsfest og søndagsmiddag. Og prøve å vere ajour med pensum...
No comments:
Post a Comment