Friday, August 14

Øya

Eg er halvvegs i Øyafestivalen og har allereie sett Wilco. Dermed er det beste og viktigaste over, men eg gler meg likevel til idag og imorgon. På onsdagen var eg varm og rimeleg lettkledd i sola, for så i neste augneblink å bli søkkvåt i regnet. Dermed tok eg lærdom og kledde meg i støvlar og regnjakke igår, og venta forgjeves på regn. Men sånn utanom veret har det vore hyggelig. Å henge meg Silja og Tone, og møte ymse kjente meir eller mindre tilfeldig rundt omkring. Kosa meg og var ganske delirisk glad under Wilco-konserten, kjeda meg under Glasvegas, oppdaga Tønes og Vampire Weekend og blei stadig meir passiv aggresiv under Arctic Monkeys (såg for meg kor mykje nytte eg kunne hatt av ein stungun i publikum, eventuelt korleis det ville vore å stappe tente sigarettar feil veg inn i munnen på fulle og farlige røykarar). Ellers har eg hatt første skuledag, i form av eit tretimar langt infomøte. Og har kosa meg max saman med Drømmemannen. :)

No comments: