Monday, September 7

Supersløv søndag

Lørdagskvelden begynte med middag a la Daniel
... litt viggo på begynnelsen av kvelden....
Hanne kom og hjalp til med å ete ein av innflyttingsgavene...
Brødrene
Even tok turen innom
Kenneth og Rannveig i heit omfavnelse
søte kusiner
hairball?
Sweet
Sweet x 2
Bodøjenter
Guro fekk styre musikken...
Ida <3
Tuva <3
siste glaset i skapet...
wink
partytriks
meir forstyrrande partytriks
Crazy
Martin sprenger grenser/bukser
Hallvard i fin tskjorte
....
It's so romantic
Bestemte søskenbarn
Vakre venninner
Romantisk å mate fiskane
Meir fiskematromantikk
tante Hanna
søvnig (soon to be-diatebes)sjukepleiar
Guro has her work cut out for her
Våken gutt med sovesveis
eit siste favntak

Det var kjekt med innflyttingsfest igår, sjølv om kvelden byrja litt einsomt og slutta enda meir einsomt (dvs aleine i senga med kjæreste i komasøvn på sofaen...). Men i det store og det heile ein veldig bra kveld. Dagen derpå har vore kanskje årets sløvaste. Inne heile dagen, Mommas Boy og naturdokumentar, stappmett på deilig indisk mat, lese nokre sider pensum, kosa, døsa og sein busstur tilbake til Frogner.
Dei neste dagane blir ikkje like koselige. Fram til torsdag blir det helvetesveke med masse pensum, førebuing av framføring, jobbing og ingen kos :(

Friday, September 4

Tiltaksløyse

Det går mot slutten av nok ei (arbeids)veke. Idag skulle eg shoppa, trent, vaska, lest og dratt på fest, men merker at det kanskje ikkje blir noko særleg av nokon av delene. Kanskje 2 av fem...
...men imorgon er ein ny og betre dag; LØRdag.

Enn så lenge bruker eg den siste delen av arbeidsdagen på å leite fram og nyte yndlingsdiktet mitt.

Preludes

I

The winter evening settles down
With smell of steaks in passageways.
Six o'clock.
The burnt-out ends of smoky days.
And now a gusty shower wraps
The grimy scraps
Of withered leaves about your feet
And newspapers from vacant lots;
The showers beat
On broken blinds and chimneypots,
And at the corner of the street
A lonely cab-horse steams and stamps.
And then the lighting of the lamps.

II

The morning comes to consciousness
Of faint stale smells of beer
From the sawdust-trampled street
With all its muddy feet that press
To early coffee-stands.

With the other masquerades
That times resumes,
One thinks of all the hands
That are raising dingy shades
In a thousand furnished rooms.


III

You tossed a blanket from the bed
You lay upon your back, and waited;
You dozed, and watched the night revealing
The thousand sordid images
Of which your soul was constituted;
They flickered against the ceiling.
And when all the world came back
And the light crept up between the shutters
And you heard the sparrows in the gutters,
You had such a vision of the street
As the street hardly understands;
Sitting along the bed's edge, where
You curled the papers from your hair,
Or clasped the yellow soles of feet
In the palms of both soiled hands.


IV


His soul stretched tight across the skies
That fade behind a city block,
Or trampled by insistent feet
At four and five and six o'clock;
And short square fingers stuffing pipes,
And evening newspapers, and eyes
Assured of certain certainties,
The conscience of a blackened street
Impatient to assume the world.

I am moved by fancies that are curled
Around these images, and cling:
The notion of some infinitely gentle
Infinitely suffering thing.

Wipe your hand across your mouth, and laugh;
The worlds revolve like ancient women
Gathering fuel in vacant lots.

Tuesday, September 1

ca 1000 yoghurt

Det var salgsmøte med jobben igår. Middag, dessert og foredrag. Og best av alt: to posar fulle av vareprøver. Iskaffi, yoghurt, fjordland osv. Dermed kunne eg be Ida på yoghurtdate igår, og kan sikkert invitere Martin på ein liten runde kjøleskaptømming.

..og ellers gler eg meg til guten min kjem tilbake frå Odda. I mellomtida prøver eg å gjere leiligheten hyggelig å komme heim til. Rydding, vasking av kjøleskap, vasking og pålegging av nytt sengetøy og støvsuging. Husmor-Hanna(!).

Tuesday, August 25

Våt helg

Vors hos Eva på fredagen. Eva Eg-skal-ikkje-drikke-meir-ikveld med eit temmelig fullt vinglas
God stemning
Daniel reparerer på lørdagen
going head to head over spotify
superkul t-skjorte
salig
enda bedre stemning, med festens høgdepunkt i bakgrunnen; ballen alle skulle teste
snart på veg heim...
robotwalk på veg heim
Superdårlig form dagen derpå.

Friday, August 21

Tine reloaded

Eg er tilbake på Kalbakken, ved ein pult, framfor ein pc, med headset på hovudet, marsipankake i magen og ti liter premiumjuice i posar ved føttene mine. Det er ikkje så ille å vere tilbake. 2 dagar i veka skal gå heilt fint. Lønn og meieriprodukt veg opp for tidlege morgonar og tidvis kjipe kundar. Dessuten treng eg ikkje stå opp så tidlig når eg overnattar i den nye leiligheten. 10 minutters gange frå Oslo S er ganske fint, sjølv når det regnar.

Gler meg til helg! Bli brisen, dra ut, danse, dra heim, nyte dagenderpåfrukost, lørdagsfest og søndagsmiddag. Og prøve å vere ajour med pensum...

Thursday, August 20

Flytting

Ach. Flytting igjen. Dog i små dosar. Ein koffert idag, same koffert med ulikt innhald seinare i veka. Osv.
Eg skal bu saman med Eva dei neste tre dagane fram til ho reiser til Asia. Deretter får eg ein leilighet i sentrum å boltre meg i heilt aleine, sånn ca. Og boltringa kjem til å bestå av lesing, suppekoking, lange frukostar, sofakos og studiestressing. Eg gler meg allereie.

...og studiestressinga har allereie byrja. Var på mi første forelesing på mandag. I litteraturvitenskapeleg teori. Roland Barthes = kjip. Pensum er fullt av framandord (men eg har kjøpt meg framandordbok) og halvsidelange setningar. Og pensumlitteraturen er dyr! Men I get by with a little help from amazon.
Og andre fantastiske vener i nøden/på Blindern: yndige Ida & Inga.

The soundtrack of my life for augneblinken: Vampire Weekend.

Monday, August 17

Slutten av ferien

Tone og Silja i graset ved Engascena den første dagen. Cue solbrillemerke
Festivalens høgdepunkt for meg...
Jeff Tweedy og Wilco
Øya by night
Silja, Olin og Tone på ein litt kjedelig konsert
Silja i langt betre humør
Ein stor del av grunnen til det gode humøret: nachos og rosevin
søte venninner
Folk i solnedgangen
fine poseringar
snart roomies
Bilde tatt med hjelp av ein høflig trønder (hans kommentar etter å ha tatt eit første bilete: "Vel... blitsen funka ihvertfall. Skal vi prøve ein gang til?")
enda nærmare solnedgang
Fyllesjuk frokost på senga a la Daniel

Friday, August 14

Øya

Eg er halvvegs i Øyafestivalen og har allereie sett Wilco. Dermed er det beste og viktigaste over, men eg gler meg likevel til idag og imorgon. På onsdagen var eg varm og rimeleg lettkledd i sola, for så i neste augneblink å bli søkkvåt i regnet. Dermed tok eg lærdom og kledde meg i støvlar og regnjakke igår, og venta forgjeves på regn. Men sånn utanom veret har det vore hyggelig. Å henge meg Silja og Tone, og møte ymse kjente meir eller mindre tilfeldig rundt omkring. Kosa meg og var ganske delirisk glad under Wilco-konserten, kjeda meg under Glasvegas, oppdaga Tønes og Vampire Weekend og blei stadig meir passiv aggresiv under Arctic Monkeys (såg for meg kor mykje nytte eg kunne hatt av ein stungun i publikum, eventuelt korleis det ville vore å stappe tente sigarettar feil veg inn i munnen på fulle og farlige røykarar). Ellers har eg hatt første skuledag, i form av eit tretimar langt infomøte. Og har kosa meg max saman med Drømmemannen. :)

Tuesday, August 11

Feminin ferie

Vi tok ein tur innom M&S på Heathrow..
Mamma med sin foretrukne tog-snack
Nattbordet mitt i Bottesford
Take-away i Grantham og vips; låt på hjernen
Granny og Mamma pakkar piknik ut av bilen
ze barges
Kanalidyll
Belvoir Castle (Beaver...)
Old English Bulldog i Peterborough. "Svær kjøttpølse med små bein" ifølge mamma
Peterborough Cathedral (ikkje shoppingsenter)
Parklife med liten sekk
Ein av Granny's mange påminnelsar før vi skulle dra
Mamma på the Picadilly Line, på veg til nye Terminal 5
Grease monkey i Granny-stil på banen.

Den siste veka har eg vore i England. Eg og Mamma besøkte Granny, og dermed var vi tre generasjonar Woll/Oltedal-kvinner. Kozelig. Mat i massevis, til og med ein ny oppdagelse; sweetbreads i kvit saus (visstnok noko lite som både dyr og menneske har i halsen, men som blir mindre når ein veks opp...). Dessuten har eg shoppa, gått turar i superflatt terreng, ledd av "Hangover" og savna Daniel & Oslo.
Men no er eg endelig tilbake :)