Sunday, February 7

Volleyball

Martin og laget hans OSI spelte kamp på Domus igår
og vi møtte opp som moralsk støtte




....og sjølv om dei tapte den kampen vi såg, så fekk eg mange stolt-storesøster-augeblikk. Dessuten fekk eg påpeikt nok eit familietrekk: å vere særs dårlige taparar.

Søndagen sålangt har gått med til herlig søndagsfrukost med påfølgande spotify-mimring gjennom alt frå The Real Mccoy til Opeth. Og snart: deilig dobbeldate-middag :D

Friday, February 5

fin fredag

Den starta kanskje ikkje slik, men no føles det som om det har vore ein av dei bedre fredagane. Starten på dagen var trøtt, forsinka, delvis uforberedt på forelesing og småsur. Det bedra seg ikkje då eg kom heim og stressa med å velge ut baderomsinteriør og grua meg til å ikkje kunne bu heime ein heil måned og blei litt skuffa over at den måneden kanskje kjem sånn ca i eksamensperioden.
Vendepunktet kom i form av trikketur ned til Astrup-Fearnley og Bjarne Melgaard si utstilling. Der fekk vi blant anna sjå bileta "Infect your friends" og "Homo Alone 3". Eg likte meg mykje betre enn eg hadde trudd og gjekk smilande og litt forstyrra derifrå. Og ikveld har vi sett "Sherlock Holmes". Ikkje heilt fantastisk film, men ganske bra til å vere Guy Ritchie, og veldig koselig å sitte i armkrok og dele kvikklunch-melkesjokolade.

Ja, og forresten: Wilco skal spele på Sentrum Scene 24 mai. !!!!

Saturday, January 30

Timåneders og bobler

Nydelige tulipanar frå Tove

Søt kjæreste i badekaret med masse bobler

Vi hadde timånedersdag igår, og på tirsdag er det 1 år sidan vi møttes første gang. Då skal vi prøve å gjenskape første date. Samme plass, kanskje ca samme kle, samme nervøse og, for min del, forskremte ansiktsuttrykk, og samtidig heilt annleis.
Men i mellomtida skal eg drikke meg full for første gang sidan nyttårsafta(!).

Thursday, January 28

Semesterstart

Det er rart å tenke på at dette er mitt siste semester med vanleg undervisning. Siste sjangse til å komme inn i gode vanar, lese alt pensum i god tid, stå opp tidleg, trene, vere sosial og økonomisk og aldri skulke. For til hausten er det blodig master-alvor.

Enn så lenge er det framleis berre januar og ein besøksrik februar er like rundt hjørnet. Denne veka er det Tove, den yngste eg kjenner som skal til å byrje på Doktorgrad. Dermed blir det mykje snakk om masteroppgaver og akademia og folk som ikkje høyrer heime der - feks ein kampsportentusiast som er igang med sitt 10 år på masterprogrammet i kunsthistorie ved UIB, og framleis ikkje har fullført og bestått dei første semestera på masteren. Samstundes går det ikkje ein dag med kvalitetsjentetid utan at eg siterer Sex and the City. Gårsdagens relevante situasjon var blinddaten til Miranda der ho utgir seg for å vere flyvertinne, dagen før var det tepose-over-alt-episoden osv
Må få Andreas til å ta med seg boksen min frå Bergen.
Og må få til enda meir kvalitetsjentetid framover. Og bli meir økonomisk, og gå til tannlegen og bestille hotell i Kyoto og og og.
Men aller først: sjå Daniel i dagslys for første gang denne innspurt-av-gruppearbeid-på-AHO-veka.

Tuesday, January 26

Meet the Parents

Først ein tur til Mamma, som tilbrakte mykje av tida på kontoret
eit snødekt Volda

peiskos
Dette venta oss på hotellrommet i Stockholm <3
Bjørn og Ingela etter deilig mat på Engelen

up/too close
slitne og salige

deilig frukost på rommet. Akkurat det som skal til for å overleve 2 timar i badstu og stamp :)
turist-pose ved tbanen
fornøgd med skalldyrsalat
og klar for litt shopping
Nordens Paris?




deilige appetizers på restaurant Lejonhornet
Hovedrett


søt gutt x 1
søt gutt x 2
sultry look
øltørst
happy

koseleg mor-sønn augneblink
Eg og Daniel kjørte til Seljord i helga, i dette monsteret av ein bil
...men eg krasja litt inn i porten når vi kom fram til Seljord
...
Fornøgde med å vere safe and sound tilbake i Oslo

Sunday, January 10

Forlenga juleferie

Taxfree-fangst på nattbordet mellom sengene våre
Første gang eg ser snø i England!


Granny tok oss med ut på den lokale restauranten
fornøgde
2 generasjonar
1 forsøk på gruppebilde
2 forsøk
snøsnøsnø....
...og innstilte fly

Eg kom nettopp heim frå 5 dagar i Bottesford. Dei første dagane lo vi av snøhysteriet, men då det byrja å nærme seg avreise var det ikkje like morsomt lenger. Forsinka tog, innstilte fly og klink is utan salt eller grus :(
Men bortsett frå værstress og forsinkingar hadde vi det veldig hyggelig. Det var ubeskrivelig koselig å vere på reisefot og romvenninne med Ingvild igjen <3

Og no er det tilbake til kvardagen, etter tre vekers etegilde. The jeans don't lie. No blir det fisk og grønsaker og te og kun ein og annan Godiva-bit. Og snart Stockholm :)

Monday, January 4

Going up the country

Eg flyr straks til England saman med Ingvild. Der skal vi nyte den engelske landsbygda, god mat, gråver, fin pund-kurs og ferie. Eg har så få sommerfuglar i magen at eg blir stressa for at eg gløymer viktige ting som pass eller Formost.
Ellers har slutten av juleferien vore kjempefin. Nyttårsfeiringa gjekk litt over forventning bra, og dagen derpå var dertilhøyrande ødelagt. I tillegg har vi ete kalkun & waldorfsalat non-stop. Og sett Californication, og sove lenge.
På lørdag kom vi oss opp ut og på kino. Til mi store overrasking, likte eg "Avatar"(!). Igår var vi på arkitektmuseet og såg på pepperkakehus-utstillinga med byggverk som King Kong på skyskrapar, synkande Titanic og Twin Towers den 11 september. Etterpå fekk vi deilig tre-retters, drikke, kattar og musikk på Sagene.
Idag er formen prega av at vi låg oppe og prata halve natta, og at eg allereie merker at eg kjem til å sakne Oslotilværelsen desse fem dagane.