Thursday, June 30

Lucky Day

Mamma sa til meg for nokre dagar sidan at "things really do fall in to your lap". Igår gjorde dei det. Først blei eg tilbudt opptil 50% stilling fordelt på to vekedagar ved Bjørkelangen vgs i haust. Langt å reise, men eg får mine eigne klassar og får undervise i dei faga eg kan best.
Litt seinare på dagen fekk eg melding frå Sara om at ho hadde fått karakter på masteroppgåva. Eg tenkte at det var no way at eg og ville få karakter før sommarferien, men sjekker likevel. Og eg fekk A. !!!
Føles heilt uvirkelig, har for sikkerhetsskyld sjekka det kanksje ti gangar, for å sjå om det kan vere ein feil i systemet, at karakterane har blitt bytta om på som babyar på ei barselstove. Men nei. Det ser ut til at det stemmer. Så no er det snart Ferie. Med ein mastergrad og ein jobb på innerlomma (eller veska eller...).

Men før ferien har vi blitt skikkelig hekta på True Blood. Såg nettopp siste episode av sesong 2 og lo av Jason Stackhouse sine versjonar av kjente sitat:

"If a tree falls in the woods it's still a tree"
og
"I love the smell of nailpolish in the morning"

2 comments:

Helen K said...

Gratulere så masse Hanna!! :) A og jobb på ein dag, fantastisk!! :)))
Reknar med det blir ei aldri så lita feiring no då, veldig velfortent!
Ha ei fin helg (reknar med det ikkje blir så vanskeleg =)!

Hanna said...

Takk! Har blitt nokre bobler for å feire og no blir det endelig ferie :D
Satsar på at vi ser dåkke i løpet av sommaren? Dåkke skal gjerne innom Oslo ein tur?