Sunday, June 26

Aleine heime

Eller, dvs nesten aleine heime. Daniel og Luna er på hyttetur på ei øy utanfor Larvik og eg har senga for meg sjølv i nokre dagar (dei einaste dagane denne ferien). Deilig å breie seg med bøker, blad og briller. Men før dei dro så lagde vi digg mat saman.

Kokkelering på rotete kjøkken
Gratinerte pannekaker med spinatfyll.
Mmm
Og ganske mislykka & mektig (men samtidig ganske digg) sjokolademousse.

Og no i helga har det gått i meir god mat. På fredag tok Ingvild meg med ut på Cru. Heilt fantastisk god mat! 7 rettar der dei fem første smakte nydelig. Igårkveld laga pizza-mester Martin deilig spekeskinke- & gräddostpizza. Og idag luncha vi på Villa Malla <3 Der vitna blomsteroppsatsar og ein ferdigskriven tale om at det var bryllup der igår.



På vegen tilbake til byen stakk vi innom Politistasjonen i Sandvika for å hente nokre av tinga til Martin. Sånn som politicapsen.
Eller politikruset som Pappa fekk.

Ikveld har vi gått tur og oppdaga den engelske parken eller noko sånnt. Ca like fint som Ullevål Hageby. Og så har vi lata som om det er lørdag og ete risengrynsgraut til middag. No skal eg prøve å legge meg tidlig, sånn at eg greier å stå opp og ta bussen - ikkje toget :( - til jobb klokka sju imårra tidlig.

Skulle ønske eg var Luna akkurat no, fri og frank på ei sørlandsøy.

1 comment:

Anonymous said...

hey, the woman can really cock!