Thursday, January 4

Gatelangs


Sainte Chapelle var fint, men knapt verdt en halvtimes køståing i kulda.

A real Spinal Tap moment. Venus eller intravenus?

Etter ein "bedre" nyttårsaftemiddag på ein urovekkande folketom couscousrestaurant, stilte Vegard, Katrin og eg oss opp på ei bru for å sjå eiffeltårnet og fyrverkeri.

Rødvinsglis på ei bru på Seinen. Men sjå så fin han er.



Idag kom eg og Øystein tilbake frå Paris. Veka der var kjempefin. Småshabby hotell (med Fawlty Towers-aktig resepsjonist), vatn på flaske, kunst, film, ipodquiz og stort sett ganske ufranske middagar.

Horeaktivititen på gata vår var overraskande låg, med tanke på Idas åtvaringar og sexsjappetettleiken i nabogata. Dei første dagane gjekk vi overalt. Til Louvre, Champs Elysees og Louvre og heim igjen. Slitne bein. Etterkvart drista vi oss til (les: blei vi såpass late) å bruke Metro. Eg var metrosjefen, ansvarlig for alle metrovalg og retningar. Korleis gjekk det når Øystein skulle ta metro aleine? Vel. Eg treng kanskje ikkje seie så mykje meir enn at... han dro feil vei. :-P

Louvre, D'Orsay og Jacquemart-Andre var fantastiske kunstmuseum. Fengelset + dei tre kyrkjene vi sjekka ut var også ganske kule. Elles blei det mykje virgin megastore. I alle fall for Øystein. Og eg gret sjølvsagt ingen tårer over Led Zeppelinboksen han investerte i.

Trass i kjempefin ferie var det deilig å lande, sette seg på den forjævlig treige flybussen og komme seg heim. Dagens udiskutable høgdepunkt: å gå opp dei fem etasjane til leiligheten med kun ei avis i handa. Ein sterk kjæreste er ca det beste som finst.

2 comments:

herregud said...

he-he-heeeiallihopan! GODT nyttår? kem e disse ukjente menneskefjesan på bildet? Bare en dag med luksus igjen, så e det morobergen neste. fest hos oss forresten, ikke hos dæ.. eller?

Anonymous said...

Det hørtes ud som ein herlig ferie :) God nyttår å sånn :)