Friday, June 29

Oslove

Sidan eg kom heim på mandag har vi mellom anna
 Passa baby! Vesle Sarah Arwen
 Som var veldig søt, særleg når ho ikkje grein
 Og gått tur i Marka. Luna storkoste seg.
 Vi og
 ....sjølv om to timar blei til neste fire timar, og diverse stiar viste seg å vere omvegar.
På veg til å spurte opp til banen på Frognerseteren.

Thursday, June 28

B is for Breakfast

Sidan det er ferie, har det blitt nokre lange, digge frukostar i det siste. 

 Luksusfrukost hos Guro med heimelaga knekkebrød <3
 Frukostkorg hos Silja...
 ...og herlig frukost i det fri ein Jølstermorgon.
Og sist men ikkje minst; frukost a la Daniel. Godt brød, blåmuggost og jordbær. 


Wednesday, June 27

School's out

Juni har gått superfort, og endelig er eg ferdig med skuleåret. Aldri meir tilbake til indre Akershus :)

Aldri meir den 40 minutt lange bussturen

 Aldri meir Glomma frå bussvinduet (sjølv om det kanskje har vore det beste med bussturen)
 Aldri meir(?) stå og vente på toget på Lillestrøm stasjon, og kikke på frakt-toga og flytoga som køyrer forbi.

Siden sist har vi byrja litt på Norges-ferien vår
 Ei helg var vi i Seljord og Daniel skrapa maling av rødbyggningen
 Og eg fulgte nervøst med frå soverommet i andre etasje
 Vel heime feira Daniel ferien med eit beskjedent glas portvin
 Og så dro eg og Ingvild til Vestlandet for å feire Helen. Der var eg turist i eigen kommune (og nabokommune)
 vi såg oss litt om i Stavang
 Prøvde å posere under regnbuen
 Og kikka på helleristingar

 I løpet av utdrikningslaget gjorde vi mykje forskjellig, var blant anna på sminkekurs. Supergreen.
 Heime fann eg denne!
 Minne-helsing frå ca 1993.
Fann også gamle bilder av Mamma og Pappa, og ser plutselig litt meir at Martin og Pappa er like. 

No ventar eg i spenning på karakterane frå ILS, og nyt å kjede meg litt. 

Saturday, June 2

Vemod

På fredag var eg innom praksisskulen min for siste gang på lenge, kanskje for alltid. Det kjentes trist å klemme og sei hadet, trykke på dørknappen og gå oppover parkeringsplassen, svinge ut på hovudvegen og forsvinne innover til Oslo. Har hatt det superfint der, og håper eg kan få jobb enten der, eller på ein tilsvarande hyggelig skule neste år. For no satsar vi på at det blir München neste år, sjølv om den endelige beskjeden kjem først i juli (%§#!!?).

I mellomtida nyt vi innspurten til sommarferien og kvalitetstid med Luna


Blowing in the wind idag, på veg til superdigg bursdagsmiddag hos Martin og Guro <3

Tuesday, May 29

Deliverance

Idag gjekk eg på feil buss på veg heim frå jobb, og måtte køyre ein halvtimes omveg gjennom whitetrash-land. Er lenge sidan eg såg Deliverance, men dei små plassane vi køyrde gjennom minna om den. No er det uansett berre to veker att med tilnærma vanlig undervisning. No time at all. Og kun ei veke til eg får 50 eksamensbesvarelser å vurdere.

Sidan sist har eg feria slutten på ped'en med Ingvild. Vi byrja med det som skulle vore ein rolig sushi-middag for to med kvitvin og musserande på verandaen......
.....men endte som full-blown-black out uten briller og tilsvarande elendig form dagen derpå. Heldigvis var det først seint på onsdagen at vi skulle ut på forsinka bursdagsmiddag med Bjørn og Ingela - italiensk meny på Baltazar som starta med råmarinert fisk, østers og konfitert makrell.

Wednesday, May 23

510

Det er heilt sjukt å tenke på at eg har tatt 510 studiepoeng. Meir enn eg nokon gang kjem til å få bruk for, og nok til å forklare størrelsen på studielånet mitt. Leverte dei tre eksamensoppgåvene i PPU idag, tre gangar seks sider, og plutseleg er tilveret som fulltidsstudent over for alltid. Litt vemodig, men mest deilig. Har allereie byrja på den første av maaaange bøker eg skal lese framover, Erica Jongs Fear of Flying. Og så snart Daniel leverer det han skal på fredag kan vi gå igang med tysk-prosjektet igjen.

....men sjølv om eksamensoppgåvene har hengt over meg i det siste, tok eg meg fri til å feire 17. Mai forrige veke. Det såg litt slik ut:

 Martin tar alltid like heldige bilder
 ...nedanfrå og opp
 Nasjonaldagsdans
 Dancing Queens...
 The Scary dance











 Eivinds reaksjonar på noko ganske sjokkerande?


















 The secret service photo bomber Arnstein...?




 Anes digge kefirkake!









Og det var den 17. Maien.