Tuesday, April 29

10 veker

Tida har gått veldig fort sidan 16 februar, og plutselig er det vår, Frida er over 6 kilo og eit par veker på Vestlandet står for tur. 

Der håper eg babybjørnen kjem godt med til å framkalle søvn 

Som her ikveld. 

Ellers har Frida vore ganske sosial idag, først med Live 

Og mammaen hennar, Gunhild, som har vore på besøk her sidan igår. I ettermiddag har Inga vore på trilletur og middag. 

Ellers har vi vore på fest i helga 

I Eivinds 30årsdag var denne fyren eit interessant innslag 

Han leia også ølsmaking - great succes

I mellomtida gjorde Ingela og denne kaninen stor suksess som bsrnevakter. 

Og ellers har Frida :
Sugd så hardt på smokken at ho fekk smokkeavtrykk

Øvd på å sitte i sofaen


Øvd på å sitte på kjøkkenbenken


Og i for stor bilstol

Vore aktiv i eit sommarantrekk som ho kjem til å vekse ut av før sommaren.

Satt ny rekord i å fortsette å sove i voksi-posen etter tur 

Satt ny rekord i boble-mengde i badebaljen sin

Vore søt om morgonen 

Ein annan søt morning

Tatt livet med ro saman med pappa 

Og vore på besøk hos yndlingssøskenbarn Johannes. 


Monday, April 21

Svensk premiere

Vi har nettopp komt heim frå påskeferie hos familien i Sverige. Frida sin første flytur, første utlandstur, første overnatting heimeifrå og vår første familieferie som ny familie. 

Det byrja bra 
Ho sov frå flyplasstaxien, gjennom to timar på Gardermoen og 50 av 55 minutt av flyturen. 

Litt amming på Arlanda

Og liten pause på Daniel sitt fang, deretter bar det vidare sørover til Grebo, utanfor Linköping, og best av alt: Frida sov heile vegen. 

Vel framme fekk vi utrulig nok sove 6 timar i strekk på natta (merker at vi blir stadig meir søvnfiksert - miljøskada av baby) i luksussengene til Daniel si tante og onkel. 

Påskefin, men ikkje i påskefint humør akkurat - første dag i Sverige var vi ganske sikker på at ho var midt i sin 8 ukers fussy stage. 

Frida (aka Buddha) byrja å sove i soveposen sin 

Og mens vi venta på at ho skulle sovne

Såg vi Frozen.

Ingela med ei litt creepy dukke, ikledd ei drakt som Frida skal få arve når ho blir stor nok. 

Agnetha skulle handle krimbok til morfar på 88. Ikkje heilt heldig tittel....

Sjølv om vi har fått låne babygym, klarte ikkje vi og Ingela motstå Pingu-babygym. Heldigvis likte Frida den også. 


Luksussenga var perfekt å amme i

Må rekke å bruke den dyre polarn o pyret-drakta vi kjøpte før ho veks ut av den. 

Babybjørn-tur i sola: great success!

Fleire forsøk på soving. 

Frida ligner ikkje berre på baby-Ingela, men også på.baby-Daniel 







Tuesday, April 15

Reisefeber

Imorgon skal vi fly med Frida for første gang, til Stockholm saman med Ingela og Bjørn. Dermed har siste dagen før avreise gått med til å stresse litt med korleis vi kan unngå at barnevogna vår ender sine dagar som forslått og ferdig på bagasjebandet. 

Her er ein lys våken Frida med meg på banen til Bwbyshop på Storo.

Ellers har Frida byrja å gjere meir av dette:

Særlig når ho er utkvilt. Om kvelden er det ikkje like lett å lure fram smil, hverken hos ho eller oss.


Lurer på korleis det blir med seine kveldar i Linköping....

Vi kjem til å sakne Ingvild

Og babygymmen.


Denne buksa derimot, i str 3-6 mnd som allerede er for trang, kjem vi ikkje til å sakne. 


Friday, April 11

PP

Eg veit at eg har vore lenge borte frå læraryrket/er langt inn i ammetåka når eg ikkje lenger assosierer PP med PowerPoint, men med Polarn o Pyret. Apropos PP, her er Frida i ein topp i str 2-4mnd og bukser i str 4-6mnd. 

Big baby indeed. 

Dei fleste morgonar ser slik ut: 

Men sidan Frida har vore litt kavete og klorete i det siste
Så idag på morgenkvisten har vi vore på kjøkkenet. 

Frida sov til lyden av oppvaskmaskin og baking

Og eg laga bananbrød. 

Igår dro eg of Frida til Sagene for litt kvalitetstid og avlastning. 


Frida fann seg fort til rette på bestemor sitt fang - kanskje sov ho ekstra godt med den visshet at det blei browsa og handla babykle til ho berre nokre centimeter unna?

Martin, Guro, Johannes og Andreas har vore her <3
Og Frida har vore nydelig
Men i ettermiddag har det ikkje vore lang veg frå smil til skrik. 

Ellers har eg fått såpass mange brystbetennelse-innspel, at eg satsar på at det går over i løpet av helga, og i god tid før avreise til Sverige på tirsdag. 


Wednesday, April 9

Fools rush in

Idag tok eg for ein gangs skuld ein tur ut på trilletur sjølv om eg ikkje fann ullinnlegga mine. Ein time seinare kom eg heim våt og kald og sidan det har eg byrja å kjenne på det som kanskje er brystbetennelse. Føler meg som ein idiot som tok ein slik sjangse rett før vi skal ut på reisefot. Men amme-guidane eg les meiner at om ein følger prinsippet "empty breast, lots of rest", vil dei fleste begynnende betennelser gå over i løpet av 24 timer. Så - fingers crossed. 

Ellers har ikkje dei siste dagane vore særleg begivenhetsrike. Vi lever stort sett for å oppnå slike øyeblikk:


Men det blir mykje 


Mens vi ventar. Men når ho er våken og utkvilt er ho ein drøm å ha med å gjere, og veldig kommunikativ. 

Ellers har vi hatt eit nytt middagsprosjekt den siste veka: ei ny oppskrift frå denne boka kvar dag

Og det har resultert i vegetarrettar som denne ikkje altfor gode quinoa og tofu-retten:


Den mykje bedre salaten av rotgrønsaker med persille, feta og valnøtter:


Og dei siste tre dagane har det vore såpass godt at vi ikkje har rukke å ta bilder - breiflabb med safran og quinoa, kamskjell med ertepure, og dagens alliterasjon av ein middag: kyllinggryte med kålrabi og kikerter. Sjølv om det har vore litt hit and miss frå dag til dag, tenker eg at middagsprosjektet held fram etter påske, berre med andre kokebøker.