Wednesday, April 9

Fools rush in

Idag tok eg for ein gangs skuld ein tur ut på trilletur sjølv om eg ikkje fann ullinnlegga mine. Ein time seinare kom eg heim våt og kald og sidan det har eg byrja å kjenne på det som kanskje er brystbetennelse. Føler meg som ein idiot som tok ein slik sjangse rett før vi skal ut på reisefot. Men amme-guidane eg les meiner at om ein følger prinsippet "empty breast, lots of rest", vil dei fleste begynnende betennelser gå over i løpet av 24 timer. Så - fingers crossed. 

Ellers har ikkje dei siste dagane vore særleg begivenhetsrike. Vi lever stort sett for å oppnå slike øyeblikk:


Men det blir mykje 


Mens vi ventar. Men når ho er våken og utkvilt er ho ein drøm å ha med å gjere, og veldig kommunikativ. 

Ellers har vi hatt eit nytt middagsprosjekt den siste veka: ei ny oppskrift frå denne boka kvar dag

Og det har resultert i vegetarrettar som denne ikkje altfor gode quinoa og tofu-retten:


Den mykje bedre salaten av rotgrønsaker med persille, feta og valnøtter:


Og dei siste tre dagane har det vore såpass godt at vi ikkje har rukke å ta bilder - breiflabb med safran og quinoa, kamskjell med ertepure, og dagens alliterasjon av ein middag: kyllinggryte med kålrabi og kikerter. Sjølv om det har vore litt hit and miss frå dag til dag, tenker eg at middagsprosjektet held fram etter påske, berre med andre kokebøker. 


No comments: