Wednesday, November 14

Heilt piano

Ingela og Bjørn har vore på besøk i helga. Og sjølv om dagane med besøk gjekk styggfort, tok vi det ganske rolig (piano) likevel. Helga begynte forresten med piano også - på baren ved resepsjonen på Torbräu Hotel var det live musikk ved ein gråhåra pianist med ein forkjærlighet for, tja, "We are the Champions" i alle fall.


 På lørdag morgon pakka vi ein bag (med kle til kveldens restaurantmiddag), og tok S-Bahnen til Isartor.
Så gjekk og trikka vi østover, over Isar, til Villa Stuck. Der var det ei superfin utstilling av kunstsamlinga til Gunter Sachs (som Ingela forøvrig hugsa frå eit svensk vekeblad på 70-tallet, poserande med sin stygge conehead-baby), med Andy Warhol, Dali, Margritte osv. 
 Deretter gjekk vi inn i romma med den faste utstillinga, med bileta til Franz von Stuck
 Som ser litt skummel ut på sjølvportrettet her.

 På veg nedover mot sentrum igjen kom vi forbi ein frisør med yndlingsshampoen til Ingela og Bjørn
Og etter litt leiting fann vi ein lunchplass - ein pitteliten italiensk restaurant ved Max Weber Platz. Her viser Ingela oss Oscar som drikk frå springen (på iphone5)
På trikken i retning Viktualienmarkt
 Vakker juletrepynt på Butlers i Schrannenhalle.

 Meir julepynt ute på Viktualienmarkt

....og så eit obligatorisk besøk på Dallmayr
 På Terrine - fantastisk bra restaurant!
Vinen i vinglasa til Ingela varte litt lenger enn i glasa våre. Måltidet var supergodt, sjølv om kombinasjonen av oliven og sjokolade i desserten var litt ekstra interessant.
 Søndag morgon i retro-metro på veg til
 Alte Pinakothek
 på veg opp trappene
 Og rundt i eit museum som trass i søndagsprisen (1 euro per pers), ikkje var overfylt.


 Den evige student....
 Ferdig med andre etasje og på veg ned til
 Den engelske kafeen i første etasje
 Mor og sønn

Ingela og Bjørn
 som snart skal feire 20års-jubileum!
 Og vi snart 4 (!).
 Men i mellomtida ventar vi på mat
 Daniel ventar på ein litt skuffande BLT, medan vi andre venta på:
 Kake! Arikos og mandel, kirsch (som uttales ca som Quiche, og dermed endte vi opp med ein ekstra quiche) og banoffie.
På veg tilbake til hotellet for litt søndags-avslapping.
 På trikken mot Oberföhring.
 På ein supertysk restaurant (sjekk den supertyske dama til venstre)
 creme brulee-"båt" til dessert, etter ein litt treig middag.
men sorbeten til Ingela var ihvertfall bra. Og middagen på stamrestauranten vår ved Viktualienmarkt neste dag var hakket bedre.

Og på mandag kveld var vi på Muse! 


Min yndlingsdel av konserten: "Fallin Down" - særlig den strofa der Bellamy syng "and fifteen thousand people scream", og dei i publikum som har hørt den første plata svarer på tiltale. 

Friday, November 9

60

Det er gått to veker siden helga i Naustdal, då Pappa feira bursdagen sin. Der fekk vi blant anna sjå bilder frå skikkelig gamle dagar


Men sjølve 60årsdagen såg meir slik ut: 
Pappa sin tale, med diverse avsløringar a la "når jeg blir seks-å-seksti".... feks om stryking av skjorter, og korleis det å veive ein heimelaga julegris som ikkje ser ut som nokon gris i lufta, at det er det (= livet?) handlar om
Andreas imponerte stort på cello!




Simon og Inge, grand-nevøar av Pappa. Supertolmodige og rolige, sjølv med nye tresverd. 


Vi koser oss med farris, mozell og pepsi max (i beste Kyrkjetun-stil)


Ze blond couzinz


Og kjæresteparet som ifølge ein gjest både ser ut som søsken, og kjem til å få pene barn. Ein av to hadde ikkje vore så ille. Og ellers besto kvelden av mange talar, eindel musikk, ein quiz og MASSE mat. Likevel var det igjen fleire kassar med restar til neste dag. 

Cheezy smil neste formiddag, i ein pause mellom svær brunch og stressing ut til Florø lufthavn - ein 45 minutters kjøretur som blei litt mindre stressa idet eg halvvegs framme oppdaga at vi hadde gløymt å skru klokka ein time tilbake)


Simon og Andreas: are YOU smarter than an 8-year-old?

og vinnaren er?

Snart klare for å køyre til Oslo, fly til Oslo og køyre til Volda. 
Den berømte (frå Pappa sin tale) grisen
Ser ut som om lillebror vant.

Entourage.

Men, no er det på tide å karre seg på trening og gjere seg klar til ei ny besøkshelg, denne gangen med Ingela og Bjørn!