Friday, October 12

Høst, park og fri

Idag hadde vi fri samtidig på dagtid, noko det blir lenge til vi har igjen no som Daniel byrjar på med undervising på mandag og eg må leite etter jobb. Og sidan det var sånn passe fint ver, dro vi til Schloss Nymphenburg, ikkje for å sjå på sjølve hovudslottet, men for å gå tur i parken rundt, og besøke dei små slotta som ligg rundt omkring i parken.

 På veg inn i den engelske delen av parken. Eindel høstfargar, men framleis mykje grønt.
 Sånn som her
 Den engelske delen av parken skal vere mykje mindre oppstilt og meir naturlig enn den franske delen, men "elvebreidda" her ser ikkje ut som natural causes (for ikkje å snakke om oss og natural poses)
 Skulle ønske dette var den nye senga, på det nye soverommet mitt, i mitt nye/gamle minislott i slottsparken. Men dengang ei.
 Rokokko og russerar
 Kinesisk-inspirert kjøkken. Hadde kanskje gjort seg på Sagene?
 skumle, svoltne svanar.
 Midt i parken fann vi plutselig ein liten Dorf. Dersom dette er vaktmesterboligen, så har Frogner mykje å lære...
 Minislott inga hindring: heilt grei plass for innendørs badebasseng.
 Nydelig lys
 og veldig koselig
Men så, litt svoltne og tørste var det tid for te og kake-pause. 
 Kake (med stor K), men desverre langt ifrå så god som den på Alte Pinakothek. Må snart tilbake dit, om så berre for å ete kake.
 Deretter det siste av 4 minislott, med eit grotte-kapell. Deretter gjekk vi nordover og inn i Botanisk hage

Som såg litt slik ut. 

 Her på Alpinariet, trur eg. Med vekster frå diverse høgfjellslandskap.
 Super interessant!
 Og på veg mot den siste delen av hagen
Der det framleis, i midten av Oktober, var nokre fine blomster ute.
 Park-bench-life
 Klatreplante-tunnel
 Litt usikker på kva dette var, men fint likevel
 Og så gjekk vi inn i drivhusa for å prøve å finne m.a. dei kjøttetande plantene (som vi aldri fann)
 Men desse var ganske fine
 og desse også
 Mens skillpaddane var creepy (Daniel er uenig)
Vi tok ein omveg heim med trikken, og fekk sjå meir haust og meir av Vest-München. Den beste tysklæraren min (ho på Goethe) har fortalt at folk står på skøyter og isdansar til musikk i Nymphenburg-parken på vinteren, så neste gang vi tar turen blir nok då. Enn så lenge er det straks helg, kos and all that jazz (dvs all that Brazilian jazz - vi skal møte folk frå tyskkurset mitt på jazzklubb imorgon). Og under ein måned til første München-besøk!

Saturday, October 6

Gruyere Girl

Det luktar ikkje like godt som kanel, men er oh så digg. Idag har vi hatt lang luksusfrukost på rommet med blant anna Gruyere.

 Dvs, Daniel kom inn på rommet mitt for frukost, krøyp opp i senga og lot meg ordne frukost på senga til han.
Men vanskelig å sei nei til han når han er snufs og frivillig gjer tysk grammatikk.

Uansett. Det blei ein lang, digg frukost idag. Men igår åt vi også ganske (=altfor) god mat. Vi åt mittagessen (lunch) på ein italiensk plass der vi først fekk italiensk skinke og så små fiskefiletar med rødt skinn. Deretter såg vi creme brulee på menyen og bestilte det. Lite ante vi at det var 3 x creme brulee.
 Etterpå kjentes det litt som om we just died and went to creme brulee heaven. Kanskje vi bør ta med Bjørn på dessert her i november?
 Deretter dro vi på Rezidenz Museum. Vi hadde hørt mykje om det, og sjølv om det er imponerande at alt er gjenreist etter å ha blitt bomba sønder og sammen på slutten av krigen, så var det kanskje litt kjedelig.
Fint, men litt kjedelig.

Idag blir ein rolig, og kanskje litt kjedelig dag for meg. I alle fall fram til romantisk, luksus-skypedate med Ingvild ikveld. Daniel, derimot, er allereie på veg ut på ein gøy Guttedag (med stor G). Først Erotikmesse, og deretter den siste Oktoberfestdagen.

Thursday, October 4

Ain't that a kick in the head

Igår var det Feiertag i Tyskland, Tag der Deutschen Einheit. Dermed var det kanskje ekstra fullt på Oktoberfest. Men vi dro likevel. Og det var veldig kjekt, veldig lenge, men så tok kvelden litt brått og smådramatisk slutt.

 Først gjekk vi av S-Bahnen på Hackerbrücke og fulgte Tracht-strømmen mot festområdet
 Stadig nærmare Wies'n
 Nok Leberkuchen-utval
 Kanskje dagen med finast ver sålangt på Oktoberfest?
 Frampeik mot slutten av kvelden vår....
 Eit av dei mange telta som vi ikkje har vore inne i. Vi ender alltid opp på Hofbräu
 Snart på veg inn i teltet
 A lederhosen-clad man with a plan. Ikkje så lett å finne kjente blant fleire tusen folk
 Ta-da! Til slutt fann vi dei.
 Med Nazeer og Sigbjørn
 Lederhosen-boys will be boys
 Prøver oss på øl på hodet a la Tuva (men for min del ikkje like avslappa og rutinert)
 Bedre å holde i handa.
 Så byrja ting å bli litt hazy, sånn som her. Vi blei hengande saman ein venne/brødregjeng frå Sveits, og ein brannmanngjeng frå England.
 Ein av brannmenna var fotograf


 Og det var ca det eg hugser frå Hofbräu.
 Men etterpå åt vi tydeligvis brente mandler
Og så tok vi berg-og-dal-bane. Det blir nok siste gang eg tar det med promille. Resultatet er ca som eit spark i hodet, ihvertfall ein kul og litt blod. Men, Daniel fekk i alle fall tatt eit fint utsiktsbilde.