Wednesday, May 23

510

Det er heilt sjukt å tenke på at eg har tatt 510 studiepoeng. Meir enn eg nokon gang kjem til å få bruk for, og nok til å forklare størrelsen på studielånet mitt. Leverte dei tre eksamensoppgåvene i PPU idag, tre gangar seks sider, og plutseleg er tilveret som fulltidsstudent over for alltid. Litt vemodig, men mest deilig. Har allereie byrja på den første av maaaange bøker eg skal lese framover, Erica Jongs Fear of Flying. Og så snart Daniel leverer det han skal på fredag kan vi gå igang med tysk-prosjektet igjen.

....men sjølv om eksamensoppgåvene har hengt over meg i det siste, tok eg meg fri til å feire 17. Mai forrige veke. Det såg litt slik ut:

 Martin tar alltid like heldige bilder
 ...nedanfrå og opp
 Nasjonaldagsdans
 Dancing Queens...
 The Scary dance











 Eivinds reaksjonar på noko ganske sjokkerande?


















 The secret service photo bomber Arnstein...?




 Anes digge kefirkake!









Og det var den 17. Maien.

Friday, May 4

Gressenke

Det er ca to veker til Daniel skal levere prosjektet sitt. Dvs to veker som gressenke/hobbypsykolog/hundepassar/motivator....

 Siste dag med (litt for) lite stress var første mai. Då gjekk vi tur ut til Bygdøy i sola
                                                


Men no framover blir det fleire kveldsturar i Frognerparken



.......det som ikkje kjem fram her er lyden av russebussane. Gler meg finare kveldsturar etter 17 mai, og enda bedre: til å vere ferdig med ped'en og fri for dårlig samvittighet den 22 mai!

Monday, April 30

Fantastisk fredag

Forrige fredag hadde eg og Ingvild endelig fri samtidig, i samme by. Dermed fekk vi ein heil dag med kvalitetstid, -mat og -drikke.

 Først frokost a la Ingvild, med treårsdags-roser
Etter frukost dro vi til Kristins brudesalong og prøvde ca 1000 kjolar - alt frå ugly Disney til sjølvlysande discoqueen. Butikkmedarbeideren var stor tilhengar av eliminasjonsmetoden (jo meir uaktuelt, jo bedre), men merker at ikkje er blitt så mykje klokare.

Uansett, etterpå tusla vi nedover Skovveien til Mares for lunch. Superdigge supper, Moules frites og musserande. Derifrå innom Sebastien Bruno og kjøpte makronar, Chablis hos Dana og deretter heim for å lage tapas.... som var ferdig litt i seinaste laget for svoltne gutar.


 Men vel verdt å vente på


Og snipp snapp snute, så var den (freakishly "Frognete") fredagen ute.

Wednesday, April 25

Orange coffee mocca

Har hatt litt hang-up på denne kaffien siden eg smakte den forrige veke. Kaffi mocca med appelsinsjokolade. Nam! Denne veka blir det ein ny mulighet for kvalitetstid på ein kvardag. På fredag har eg og Ingvild avtalt å ha date heile dagen. Frokost, brudekjoleprøving, lunch, kaffi, pol(ing) og så kanskje tapas. Mykje mat mao. Og kvalitetstid og kjærleik :)

Saturday, April 21

Mock

Denne helga står tentamensretting for tur. Eg har såvidt byrja på bunken, og vekslar mellom å bli positivt og negativt overraska. Og prøver å ikkje vere altfor streng. Ellers er eg ferdig med dei siste seminara (!). Det føles heilt uvirkelig at 2x8 seminar er over, og at det no kun gjenstår formalitetar som å godkjenne kvalifiseringsoppgåver og etterkvart rette eksamen.

 Så no blir det færre seine, utmatta kveldar heim til Luna
Og fleire tidlige, nytrente ettermiddagar.


 ....og helgefrukostar
Med morgontrøtt, motvillig fotoobjekt <3

Dessuten er det superdigg å kunne lese andre ting enn litteraturpensum. Mavis Gallant for eksempel. Og fortrenge pedagogikken og fagdidaktikken litt til.