Monday, August 17
Slutten av ferien
Friday, August 14
Øya
Eg er halvvegs i Øyafestivalen og har allereie sett Wilco. Dermed er det beste og viktigaste over, men eg gler meg likevel til idag og imorgon. På onsdagen var eg varm og rimeleg lettkledd i sola, for så i neste augneblink å bli søkkvåt i regnet. Dermed tok eg lærdom og kledde meg i støvlar og regnjakke igår, og venta forgjeves på regn. Men sånn utanom veret har det vore hyggelig. Å henge meg Silja og Tone, og møte ymse kjente meir eller mindre tilfeldig rundt omkring. Kosa meg og var ganske delirisk glad under Wilco-konserten, kjeda meg under Glasvegas, oppdaga Tønes og Vampire Weekend og blei stadig meir passiv aggresiv under Arctic Monkeys (såg for meg kor mykje nytte eg kunne hatt av ein stungun i publikum, eventuelt korleis det ville vore å stappe tente sigarettar feil veg inn i munnen på fulle og farlige røykarar). Ellers har eg hatt første skuledag, i form av eit tretimar langt infomøte. Og har kosa meg max saman med Drømmemannen. :)
Tuesday, August 11
Feminin ferie
Den siste veka har eg vore i England. Eg og Mamma besøkte Granny, og dermed var vi tre generasjonar Woll/Oltedal-kvinner. Kozelig. Mat i massevis, til og med ein ny oppdagelse; sweetbreads i kvit saus (visstnok noko lite som både dyr og menneske har i halsen, men som blir mindre når ein veks opp...). Dessuten har eg shoppa, gått turar i superflatt terreng, ledd av "Hangover" og savna Daniel & Oslo.
Men no er eg endelig tilbake :)
Saturday, August 1
Kjærleik i Bergen
Det er deilig å vere på besøk i Bergen. Sålangt har eg nytt tre deilige måltid. Først sushi-brunch ein interiørmessig fantastisk leilighet på Landås. Deretter treretters på Potetkjelleren (foie gras, andebryst og ost :D) og idag ein herlig lang frukost med ferskt valnøttbrød, uendelig mengder kaffi og den gode samtale. Ikveld blir det tapas og sansynligvis altfor mykje rødvin.... med tanke på at flyet mitt går klokka 07.25 imårra tidlig :P
Men kanskje det aller beste med dette Bergensoppholdet står i ein vase på bordet. <3
Thursday, July 30
Waffle Extravaganza
Eg er snart ferdig med Sunnfjordsoppholdet mitt. Ei veke, akkurat så lite at eg ikkje blir altfor lei og samtidig så mykje at eg får sommarfuglar i magen ved tanken på å ta bussen til Bergen (riktignok litt fordi det er snakk om å ta buss så tidlig som klokka 06.15....). Dagane heime har gått med til å vere ein provisorisk køyrelærar, dra rundt på kaffibesøk, fire arbeidsdagar, Wilco, alkoholfri quiz på Pikant og litt savn. Men det er berre ni dagar til eg er tilbake i Oslo, tre dagar til England og ein dag til Bergen :D
Subscribe to:
Posts (Atom)