Tuesday, July 7

Heat wave!

Echo and the Bunnymen spelte på Kontraskjæret. Det var kjempebra (og myyyyykje bedre enn U2)
Jens Martin trossa jetlag og kom på konsert :P
Herr Fresh og Frøken Svett
Ida var i Oslo! Med vandrehistorier og fletter <3
Seint i Seljord, våt og klissete av myggspray og lavendelolje
Glossy gutt
Badminton på tunet
Grapefruktjuice og herlig post-bading avslapping.

Det har vore varmt i Oslo den siste veka. I Seljord også, forsåvidt. Dermed kan eg knapt huske sist eg gjekk i bukse, sov under dyna eller laga varmmat. Dessuten har eg vore på eller i nærleiken av to festivalar. Først på Oslolive på torsdag, der eg såg eit av yndlingsbanda mine, sto i Roskildeaktig ølkø og kosa meg. Sist var eg i nærleiken av Seljordfestivalen i (ja, nettopp) Seljord. Danseband 'til you drop. Eldre og mindre kjekke menn i bar overkropp, campingvogner, bart og ektepar kledt i matchande kle. Og ellers har den siste veka vore veldig bra. Kvalitet og kvantitet i massevis.

Wednesday, July 1

terrific tuesday

Igårkveld var min beste tirsdagskveld nokon sinne. Eg kom heim svett frå trening (for anledningen på eit Elixia uten aircondition....), og blei overraska av litt forsinka 3månedersfeiring. Reker og kvitvin på verandaen, nybarbert ansikt, rydda og nyvaska leilighet, rød rose og den nye Wilcoplata. Deilige Daniel!

<3

Sunday, June 28

Livsnyting i Bergen

Middag på Soho
Ikkje heilt fornøgd med forrett og hovedrett, men litt meir begeistra for sjokolade fondant
I sola på Verftet











Friday, June 26

Tull og tøys på Tøyen











Martin, Guro, Daniel og eg var på middagsbesøk i Tøyengata igår. Der fekk vi vin (for min del med dertilhørande rødvinstenner), digg mat, koselig kattunge og sol. Koselig med reservetante og onkel. Og Tøyen er fint!

Tuesday, June 23

Everything is just A'okey

Sola skin, eg skal snart ete tapas og sjå skrekkfilm, til helga skal eg til Bergen og eg har fått eksamensresultata mine.

!!!

Sunday, June 21

Girls just wanna have fun

Vi gjer oss klare for ein kontrastfylt aften, her illustrert ved spennet i skostørrelsar på minste og største skostørrelse (34 og 42)Ane og Ingvild via mobilen. <3 Yndige Mariann
fiksing av sminke, og beviset på at vi ikkje gløymte igjen vinen på trikken; vi tok den ikkje med oss i det heile tatt :P
Vakre leggar
Bestevenninner :)
søte smil på trikken
glis
kva skjer når fire jenter finn ei flaske knallrød neglelakk....?
shiny
Frøydis og Camilla...
..og meg og Mariann
koozelig
Frøydis
meg med ein stk gay trønder.
eit ømt øyeblikk
skjære-tenner-smil
Mariann med ein donasjon frå den hyggelege fyren til høgre i bakgrunnen.
Sexy Ane i sin sexy/uskyldige kjole
tre jenter på badet samtidig
...og på veg ut.


Hadde ein herlig og svært etterlengta kveld ute saman med Ane, Mariann og Camilla igår. Tilbrakte kvelden hos Ane oppe ved Blindern, på fest hos Thea på Bislett, ein svipptur innom bar buddha, ein halvtime i kø utanfor Skaugum og nokre timar på dansegolvet på Dr Jekyll & Mr Hyde. Unngjekk såvidt å sette meg i ei piratdrosje, og kom meg heim på trygt og anstendig vis. Idag skin sola, men eg har mest lyst til å ligge i senga og vente på at Daniel kjem heim frå opptaksprøva. Då kan han skru på lyden på Spotify(eg er tydeligvis technologically challenged) og lage digg middag til oss. Perfekt dagen derpå :)

Thursday, June 18

18 dagar igjen på jobb

Dagen idag byrja på best mogleg måte. Oppe i god tid, fann fram kle og fekk i meg litt frukost. Men så fall eg for fristelsen, la meg tilbake i senga og tok eit seinare tog til jobb. Og arbeidsdagen sålangt har vore heilt ok. Ei dame ringte inn og sa at ho skulle ha "laktosert melk". Eg ymta frampå om at kanskje det var "laktoseredusert melk" ho meinte, men ho holdt på sitt.

Dagens kåtaste: Ein nordlending som heiter Fridtjof som ringte inn frå kjøkkenet på ein gamleheim. Han byrjar med å fortelle at det regnar hos han, og at han er våt "både her og der", etterfulgt av rå latter. Deretter spør han om eg er klar for å ta bestillinga. Eg svarer ja, og han følger opp med "jeg er også heeeelt klar" (nytt latterbrøl). Osv. Heldigvis jobber han på gamleheim, ikkje barneskule.

Og ikveld er det jobbmiddag. Eg håper det ikkje varer altfor lenge. Og at eg får sitte saman med nokre av dei oppegåande.