Wednesday, July 22

Once in a Lifetime

 For to veker sidan kom eg heim frå ei heilt fantasisk oppleving. Eg var 5 veker i USA på eit sommarkurs for engelsklærarar og lærte masse. 

 

 

Feks at Boston er ein fin by og at lobster roll er godt, men kan gi matforgiftning. 

Og andre lærdommar er at: 

- New York framleis er fantastisk og at ein bør ha god tid og airpods på kunstmusea der

- Michelinguiden og bib-gourmand samt NY Times er bra for å finne bra lunch og middagsplassar i storbyar 

- Det går an å trene med korte snuttar på morgonen, borte på ferie med kun ansvar for meg sjølv

- Det er lurt å dele hovedrettar med ein annan person, for å sleppe å bli stappmett eller doggy bag

- Det er store avstandar i USA, tre timars tidsforskjell og mange timar i fly mellom austkysten og Arizona

- Tørr varme (Arizona) er meir behagelig enn fuktig varme (Washington DC)

- Foreldre i middelklassen i USA sparer alt dei klarer for å hjelpe barna sine med college. Dyre feriar f.eks. er ein av tinga dei sparar pengar på å unngå

-DC bør besøkast ein gang til i framtida, i ein annan sesong (påske?), med barna, og besøke fleire museum.  

No comments: