Tuesday, July 3

På gjengrodde stier

Vi er på Vestlandet, i anledning bryllupet til Helen neste helg. Mens vi ventar på det (og at Ingvild og Eivind skal komme imorgon kveld), har vi vore på fjelltur, frå Måren (ein liten ferjetur frå Nordeide)


 Dette var siste biletet vi tok av Luna før ho plutseleg forsvann og var borte ein times tid, medan vi leita febrilsk.
 Men etter langt om lenge dukka ho opp igjen, supersliten.
Runaway Dog med såre potar....

....derfor la vi ho i sekken igjen. 

 Leita over å kunne avblåse leiteaksjonen og snu.


 Daniel, Pappa og Luna gjekk opp til eit utkikkspunkt


 ...medan eg gjekk sakte nedover mot fjorden

 ...og dagdrøymte om å ha eit feriehus som dette


 Vel nede, deilig å dyppe slitne føter i Sognefjorden
 Og legge frå seg fjellskoa ei lita stund.
 Så kom Daniel
 Og testa tempen han og
 Men Luna var framleis ganske utslitt


 Super-skiftande ver: her er eit teppe av regn på veg over fjorden mot oss
Og eit kvarter seinare: sol, sliten hund og snarleg ferjetur.

Ellers var det fint og rart å vere tilbake i Høyanger (litt a la Odda i Bikubesong), og koselig og nostalgisk å vere å drikke kaffi på Kyrkjebø.

No comments: