Eg og Johanna gjekk på ski til Kikut igår. Det var ein kjempefin tur, og eg er delt mellom å vere mest imponert av meg sjølv som klarte å gå 3 mil, eller mest imponert over Johanna som var tolmodig nok til å gå med meg. Johanna som skal gå Birken.
Vi starta tidlig, det var sol frå skyfri himmel, og i det rette lyset kunne ein sjå iskrystallar i lufta. Magisk.
Og eg tryna ikkje på langt nær så mange gangar som ein kunne forvente. Kanskje berre to skikkelige tryningar, og det på herlig nysnø.
Idag er eg så støl i armane som eg ikkje har vore på lenge. Dessutan har skistaven og vottane gitt meg vannblemme på lillefingeren. Og eg har ete nesten så mykje som eg forbrente igår.
No skal eg prøve å rydde, gå tur med Luna og lage mat til morsdagsbesøk ikveld.
Og så var det den oppgåva...
No comments:
Post a Comment