Det har gått litt trått med oppgåva i det siste. På ein måte. Samtidig har det gått framover, og eg er straks ferdig med fullstendige utkast til alle tre kapittela. Fullstendige, og samtidig fullstendig uferdige. Så mars blir den store rette, fikse, skrive-på-nytt måneden.
Andreas bur forresten framleis her. Det gjer han nok fram til etter påske. Minst. Ganske koselig med minstebror her. Luna er enig.



Luna på tbanen opp til Holmenkollen. Ho likte heller ikkje VM-låta, som dei spelte på full guffe i tbanevognene.

Og Mamma har vore på besøk!

I hate goodbyes.
No comments:
Post a Comment