Det klør i fingrane, sommerfuglar flyr rundt i magen og tankane mine er 6 måneder fram i tid. Tenk, om eit halvt års tid er eg kanskje på veg inn i full jobb, med full lektorlønn, fulle arbeidsplanar og arbeidsdagar. Etter ein peptalk med ein erfaren lærar igårkveld kjenner eg meg plutselig meir klar, og meir spent, på det å komme ut i jobb. Å teste ut råda ho gav meg ("Ver forbederedt, sta og streng. Ikkje smil før jul").
Så no ser eg på stillingsannonser. Har funne ei eg vil søke på, langt aust i Oslo. Puslar med ein søknadstekst. Blar gjennom referanser, skulle ønske at eg hadde ordna meg fleire, men kanskje det held med desse uansett. Og kanskje det er mange søkarar som har PPU og som blir valgt framfor meg. Kanskje eg må jobbe på Ungdomsskule istedenfor Vidaregåande. Nei, no må eg legge vekk desse tankane litt. Heller sjå på oppgåva, den skriv seg jo ikkje sjølv...
1 comment:
Oi.. Ikkje smile før jul? Du som er så søt når du smiler....
Post a Comment