
Eg er ekstra emosjonell for tida. Igår byrja eg å grine av slutten på the Bachelorette, og idag har eg hulka meg gjennom dei siste sidene av
Unaccustomed Earth. Det er verre å lese den for andre og tredje gang, ettersom eg veit korleis det ender og gjerne vil stoppe karakterane frå å sette seg på det flyet.

Luna kjem og trøyster meg, litt usikker på om eg er glad eller lei meg.

Gulerotkake er fint/fucka å ha i kjøleskapet når ein er heime aleine og egentlig skulle vore sunn og skrive på oppgåva og sånn

Kitchen-love. Så langt har den stått på kommoden og sett fin ut, som ein liten avgud. Snart skal eg lage fantastisk deilig mat i den :)

Dei vakre, vakre bursdagsrosene, som syng på siste verset.
Ein ting som får meg til å tørke tårene og smile:
Hallvard presenterte ein sjekke-replikk som kan brukast på jenter som står ved dansegolvet og kanskje ser ut som om dei kjeder seg litt (funkar enda bedre om dei ser litt eldre ut enn den typiske jenta). Du går bort til dei og seier "Står du her og visner? Kom her så skal eg vatne deg".
No comments:
Post a Comment