Thursday, November 24

Same but different

Det er gått litt over åtte år sidan eg sto opp grytidlig ein novembermorgon, lagde meg luksusfrukost, sette meg i stua i Stolmakergata og såg på CNN ein times tid før eg dro på jobb på Tine. Den morgonen Barack Obama vann valet.

No, åtte år seinare, har det vore eit nytt presidentval, og morgonen etter ga det heilt motsatt følelse å sjå på CNN. Og ikkje berre fordi eg ikkje lenger er singel og på veg til kjedelig kontorjobb. 

Det føltes meir slik: 
Magnus har også vore i litt dårlig humør i det siste. I natt frå 01-02 var han - og eg - i spesielt dårlig humør. 

Men november, med unntak av Trump og skriking, er ikkje så kjipt. 

Han er ikkje alltid i dårlig humør når vi helst skulle sove litt til
Har funne ein sunnare og meir mettande versjon av blomkålsuppe
Eg og barna har vore på deilig frokost hos Mari og Elna 
Vi var på lørdagsbesøk på Spikkestad, helga før Even blei født 
Vore på førjulslunch hos Kristin med Tone, Bjørn, Arthur og Thora 

Prøvd å ha god tid og tilmodighet på veg heim frå barnehagen. 

Tilbrakt ein del timar i sofaen med Magnus i fanget, Daily Show på skjermen og guilty-pleasure-iskaffi i glaset (med after eight i)
Fått Ingela og Bjørn heim frå Cayman Islands (og masse barnevakt for Frida - i tillegg til Ingvild som på tirsdag henta Frida i barnehagen, tok trikken og åt middag på Villa Paradiso - langt utanfor ambisjonsnivået vårt på ein kvardag, og veldig stas for Frida. 

Magnus har vore med på treretters-middag hos Ane

Han passar endelig i pride-bodyen
Og er stadig vekk veldig søt. 

Og ellers har Musikk med de minste-gruppa starta opp og eg har vore på min første vellykka styrketime på Elixia på to graviditetar, og er tilsvarande stiv og støl. Satsar på å vere støttemedlem no more. 



Monday, November 7

32

Eg hadde bursdag på lørdag. Ikkje mindre enn 32 år, og sjølv om det var ein lørdag blei det ikkje full fest på kvelds- og nattestid, men heller bursdagsbrunch med 11 vaksne og tre barn.
Kusiner med kvar sin 2016-baby. Ganske stor forskjell på 3,5 mnd og 9 dagar.

Henging i sofaen etterpå

På kvelden feira vi med middag på Mares med Ingvild, Eivind og ein stort sett sovande Magnus 
Han våkna til ost og dessert 

Og no er det litt blåmandag. Det er iskaldt, eg er trøtt og føler meg veldig voksen. Kanskje typisk 32?

Sunday, October 30

Vekeplanar

I det siste har vi prøvd å planlegge middag for ei veke om gangen, og handle alt på Kolonial. Nokre veker går det bra, slik som denne veka: 
Nok squash (flaskegresskar) altså. Og vi får nye favorittar som dette
Fish pie blei ein stor suksess. Det blei også gryta med det mindre p.c. navnet Gypsy stew. 
Her er vår cinnamon girl som stadig oftare er med som kjøkkenassistent
Krakken på kjøkkenet er stadig i bruk, ikkje berre til assistering.

Ho er stort sett ivrig storesøster
Og venninne 
Mens Magnus er ein meir laidback fyr 
Som stort sett søv og er sosial omkvarandre 
Hos Tuva mens ho framleis hadde mage og venta på baby-Elise 
Hos Mari som lagde superdigg gresskarsuppe 
Og med Ingvild som rakk ein ny fredagsdate med oss på Brødbakerne.

Og elles er dette stort sett kvardagen her heime:
....og vi er på veg inn i vinteren (første lange vintertidsdag) og mi siste veke som 31-åring (kanskje ikkje livets høst heilt enda, men ganske høstlig likevel). 


Saturday, October 15

Gøy på landet

Forrige lørdag sette eg og pappa kursen mot Naustdal med bilen full av barneutstyr og to barn. Gjennom nydelig høstlandskap, med "mamma, jeg vil ikke bil, mamma, hvor lenge til vi fremme er? Jeg vil ha (ba)nan, hvor er smokken min? Jeg vil høre Klatremus" frå venstre sida at baksetet. Frå høgre side kom det sporadisk skriking. Men med hyppig smokking, nokre amme/springepausar og to rundar med oppkast kom vi fram på litt over 9 timar. 

Frida framfor ein krympande kant av Jostedalsbreen. 

Søndagsmorgon hos Silja
Møte med sauar
På mandag hadde vi ein ganske rolig ettermiddag heime etter ein shoppingformiddag i Førde. 
Pappa lykkast ikkje med sine forsøk på å lese avisa samtidig som han passa Frida 
Tirsdag tok vi fly til Jæren og delte eit hus med Martin og Johannes 
Og mamma, som delte seng med meg og Magnus denne natta 

Multitasking Pappa etter minnestunda. 
Frida og Johannes sang Bæ Bæ lille lam og Mikkel Rev heile bussturen ut til Sola
Out cold etter ein lang dag, sov seg gjennom mellomlandinga på Flesland
Vel heime hos bestefar
På torsdag besøkte vi Helen, Vigleik, Ida og Aksel. Frida multitasker Mummy-style. 
Hjelpsom storesøster
Fredag besøkte vi Isabelle og Ingrid på Døskeland, henta Daniel på Bringeland
Og åt ostesmørbrød til kvelds
Vi sa hadet til Bestefar som dro på speiderleir.
På lørdag var vi på Sanden i Naustdal 
Og hadde besøk av Sveinung, Linn og Lars. 
Og søndag satte vi kursen heimover. Dette stoppet på veg oppover Lærdalsdalen, var eitt av mange stopp
Her ein cafe i Hemsedal

Og etter vår første familiemiddag på macdonalds (Fridas yndlingsdel av happy mealen var gulrøttene) og ca 9 timar etter avreise, kom vi endelig heim.