Sunday, November 30

Time flies

....når du er i mammaperm. Det har i alle fall vore tilfellet for meg. Plutselig er Frida 9,5 mnd og eg har kun to mnd att av permisjonen. 

Frida har lært å stå

Klarar å ete litt sjølv

Sitte sjølv

Krabbe

Og ete jord. 

Den siste veka har vore litt utypisk, ved at eg for første gang har vore borte frå Frida lenger enn ei natt. Anledningen var ei reise til Neuburg an Donau med jobben, ein produktiv, travel, melkesprengt, bayersk og koselig tur. 

Turens udiskutable høgdepunkt var dei tre timane eg fekk tilbringe i München den siste dagen i selskap med 

Vene, vakre Marta, på min yndlingskafe ved Viktualienmarkt. Ellers var det veldig deilig å komme heim til Frida og Daniel og nyte nokre dagar med familieliv 

Søskenbarnkjærlighet <3

No ventar to dagar som aleinemor, to dagar i København med Daniel, og deretter ei veke på Vestlandet med Frida. 
Og forhåpentligvis litt hyppigare bloggoppdateringar. 


Sunday, June 1

Soundtrack of our Lives: Skriking

Slik føltes det i alle fall i nokre dagar etter at Frida fekk sine første vaksiner. Og ein vanskelig baby kunne knapt passa verre saman med semesterinnspurt for Daniel. Heldigvis er det ikkje så mykje skriking no . 

Ingvild er ein av få gjestar Frida har vore nøytral eller positivt innstilt til.

Babygymmen derimot...

Er ho framleis ikkje lei. 

Ellers har ligge-på-magen-trening vist ei uventa utvikling

Ho byrjar å bli meir sjølvstendig 

Vi har vore mykje på besøk hos Martin og Guro 

Johannes prøver å trøste

Søskenbarn på vei til Bærum
Vel framme hos Johannes si bestemor, Rannveig, og veldig fornøgd med vippestol.

Kvardagsliv: får manikyr av pappa

Er alvorlig på fanget mitt

Koordinerer dagens stripete antrekk med pappa 

Feirar Martin sin bursdag og blir avkledd (på foten) av Johannes 

Familieidyll

To gode venner vel heime igjen

Som ein kontrast til torsdagens idyll, tilbrakte vi mange timar på passkontoret på fredag 
Frida lot seg stort sett underholde

På lørdag såg vi Martin spele fotball på Manglerud

Og idag har ho stort sett vore blid 

Med nokre trøtte unntak. 

Men på tirsdag er nesten-aleinemor-tilværelsen over og Daniel kan tjuvstarte på sommerferien!

Wednesday, May 14

Vendi vidi Vestland

Idag har vi vore på Vestlandet i to veker. Først i ti dagar hos pappa, og no dei siste fem hos mamma. I Naustdal var heldigvis Linn og Sveinung, og vi fekk masse kvalitetstid slik som her 
Frida ler av nyset til Sveinung...?

Ho smiler generelt mykje i babygymmen

Ellers var ho mykje med bestefar, både seint på kvelden og tidlig om morgonen 

Ofte med som bakrunnsstøy i telefonsamtaler

Her i Volda har vi måtte underholde oss sjølv på dagtid med turar rundt Rotevatn,

Handling, 

Handsmaking og.....

Babygym!

Dessutan har vi bada fleire gangar og Frida har fått fluffy, nyvaska hår

No satsar eg på at Frida søv masse i natt

Imorgen blir det nemlig avreise herifrå, og ankomst på Gardermoen. Akkurar tidsnok til 17. Mai. 



Sunday, May 4

Kom mai du skjønne milde

Skjønn ja, men mild - not so much. Frida har vore her sidan onsdag og sjølv om det er fint og grønt her, er det kaldt i lufta og ikkje heilt det mai-været eg pakka til. 

Før vi dro fekk vi besøk av Ingvild, snart Finansavisen-Ingvild.

Og mamma, Tonje og Andreas 
Sosialt med iPhone (mamma får opplæring i bruk av snapchat)


Underveis - venter på toget til Gardermoen på venterommet på Skøyen. 

Tar toget for første gang

Og sit på fanget til Pappa for siste gang på to veker...,

Vel framme, og Frida tar morgonluren sin i bestefar sine armar, mens eg får sove litt ut

Stor jente på improvisert stellebord

Frida i ei litt pussig oppvåkningsstilling, til lukta av nybakte vafler

På bestefar sitt fang

Dobbelhake-extravaganza

Blid

Skeptisk

Ut på tur - beste strategi når ho blir krakilsk skrikete 

På besøk hos Linn og Sveinung

Sveinung har vore eindel meir våken enn. Frida sålangt, men satsar på at dei tre vekene med aldersforskjell snart får mindre å sei

Heime igjen våkna ho akkurat i tide til middag 

Og hadde ein koselig og blid periode før ho slo seg vrang i god gammal kveldsstil.

Dei første dagane på Vestlandet har vore koselige, men (normalt) slitsomme.