Saturday, November 19

Klein

Eg og Daniel har hatt mange dagar derpå i det siste. Igår var vi i ein 38årsdag som endte ute på Solli plass... Så idag måtte Luna vente til klokka tre på sin første tur ut. Men etterkvart som formen min steig kom eg meg ut for litt shopping og lang lunch på Litteraturhuset med Mari.

Wink wink
Framleis litt klein
mmmmmmreker
urk. Sild, som eg prøvesmakte og framleis ikkje er noko begeistra for
På slutten av handleturen fann vi litt juleting, og merker at eg gler meg til å jule-pynte leiligheten.

Merker at det er veldig deilig at det kun er lørdag, og at eg har ein heil dag igjen av helga til å lese, skrive, planlegge, trene og rydde. Ikveld blir det berre mat og wordfeud.

Saturday, November 12

Lørdagsgrøt

Siden det er lørdag idag følte eg for å lage det mest lørdagske ein kan lage
Og inviterte familien (som var delvis oppslukt i å spele scrabble på iphone)
Og Guro og Martin lånte med seg Luna
Ellers har eg og Daniel vore heilt hekta på Forbrytelsen i det siste. 20 episodar a 1t kvar flyr forbi (dvs, vi er over halvvegs), og eg har Forbrytelsen-inspirerte mareritt.

...og alle amazon-pakkane mine har byrja å dukke opp i posten. Dermed må eg snart hive meg over Julius Caesar av Shakespeare, 1600-tals poesi og alt anna eg ikkje kan så mykje om innan britisk litteratur. Sweet.

Tuesday, November 8

27

Daniel vekte meg med sang, gåver og frokost på senga på lørdag.
Og så kom dei næraste og kjæraste på brunch. Tuva kunne ikkje vere med på kvelden, så ho lot dette lyset stå igjen istedenfor.
Vi tente i peisen for første gang i høst.
Eg styra minst mulig på kjøkkenet i år, sånn bortsett frå
Kaka
Ingvild kom <3

og her er min dinosaur-telefon, som har fått mykje latter og kommentarar slengt etter seg i det siste (forrige veke på lærarrommet: "Er den gravid? Venter du på at den skal føde en ny telefon?")
og her er bursdagsgåva frå Daniel og Ingela! Kvit, sånn at eg ikkje skal blande den med Daniel sin.
Bursdagsroser
preppy guttar.

Mamma blir ikkje mindre paranoid av dette...
Partners in crime (sjenking, chips og dipp)
søte Sarah og Erling
Junglejuice (denne gangen med solbærsirup, sitron og vodka)

....og deretter bar det ut på byen til den næraste og mest harry uteplassen. På tross av lang kø og høg promille, så klarte Dana å bløffe oss inn som ein delegasjon frå den Amerikanske ambassaden. Veldig kjekt, og på søndagen var eg veldig, veldig dårlig. Men alle var enige om at det var ein koselig dag, kveld og natt.

Friday, November 4

Let's Kindle

Vi var ute på pre-bursdagsmiddag med Ingela og Bjørn igår og eg fekk denne lekre greia frå Bjørn:

!!!!
Superlett og fin. Har så smått byrja å lese på den og er allereie begeistra.

Det var her vi var:
Og fekk litt underlig service frå ein stort sett friendly madman.

Vi gjekk for veldig franske ting. Snegler og froskelår til forrett,
og Bouillebasse og biff med bernaise til hovudrett
Og så kom dessertvogna og Daniel berre "I want that one....and"
Endte opp med ein av kvar.

...og vi andre hang ikkje så langt etter. Etterpå blei det champagne og kindling heime hos oss. Finfin oppkøyring til helga.

Eg har forresten blitt spurt om å vere seminarleder i britisk litteratur til våren(!!!)! Er superspent, og nervøs og stressa, men gler meg også. Men framfor meg no ligg to måneder der eg må fordjupe meg i alle dei områda innan engelsk litteratur som eg tidligare har hoppa over. Så no blir det no mercy: Shakespeare, Dickens og Austen, here I come (eller cometh kanskje).

Monday, October 17

Grounds for Divorce

Har fått hangup på den Elbow låta. Utan at det har noko med livet mitt å gjere, ting er tvert imot veldig bra for tida (sjølv om vi er uøkonomiske, rotete og usunne). Men morgondagen kjem til å overgå kvardagslivet - skal feire Ingvild sin master med middag på Oscarsgate!

Thursday, September 29

Sushi Wonderland

Vi var ute og feira 55årsdagen til Ingela forrige helg, på Art of Sushi. Heilt fantastisk god sushi.


Kveite, tunfisk, laks, kamskjell, koriander... mmmm

Daniel og Bjørn var også ganske fornøgde
Ingela fekk ei gåve som Daniel helst ikkje ville bli sett berande på
Og så kom dessertane
Bjørn med sin yndlingsdessert


ellers har det blitt mykje jobbing i det siste. Retting av prøver, laging av opplegg, dårlig samvittighet for at eg ikkje les nok på ppu'en osv. Og når eg kjem heim etter lange dagar, så har eg kun energi til å sitte i pyjamas og sjå trash på tv.
Sånn som Bonderomantikk

Men eg har fått tid til litt anna også
som å beundre rosene eg fekk av Ingvild
Ha Andreas på middag
og stalke Daniel

Thursday, September 1

All work....

Eg har byrja på jobb og PPU, ca samtidig. Det er ikkje akkurat tøffare enn toget, men ihvertfall tøffare enn eg hadde tenkt meg. Med ein times reiseveg kvar veg og lange dagar på jobb, er eg komatrøtt og sliten når eg kjem heim. Begeistringa var derfor stor då dette synet møtte meg:

Daniel hard at work på kjøkkenet (!)
Han hadde grilla biffane heilt perfekt
og prøvesmakt for sikkerhets skyld
Og det blei superdigg!

Ellers har vi sansynligvis ordna ei ok ordning for Luna framover: Hundebarnehage på StHanshaugen. Det blir bra å sleppe dårlig samvittighet for at kjente må passe ho, eller at ho står heime og uler og plager naboane. Apropos naboar så er det heilt ubeskrivelig herlig at Ingvild og Eivind har flytta inn i Neuberggata <3

Luna er også veldig glad for det.
Freaky fisheye

Og her ein kveld lagde eg det diggaste heimelaga brødet på lenge. Gulerot & gresskarkjerner. Dermed blei det skikkelig kveldsmat.


Men no er det back to work/studies.