Friday, December 31

Thanksgiving på nyttårsafta

Har gått rundt og tenkt på det i heile dag. Kor mykje eg har å vere takknemlig for.
Som denne nye parfymen, som eg har sikla på i ca eit år
Og alle dei fine julekorta vi har fått
Og pepperkakehuset som Ingela lagde til oss
som vi fekk pynte sjølv
Og klokkespelet vi fekk av mamma

Dessuten kan 2011 bli minst like bra som 2010. New York og masterinnlevering!

Wednesday, December 29

kvardagen

Det var litt nedtur å komme heim igjen frå Sverige. Vi hadde det så bra der, men her heime er alt som før + barnåler over heile teppet i stua.
Blurry utsikt over Bærums Verk mandag kveld.
Trur kanskje eg har fått nok av sjokolade for ei stund (!!!).
Juletreet vårt, som blei ståande uvatna mens vi var i Sverige
...og barnål-drysset på teppet....
Vi henta Luna på mandag og ho har funne seg til rette her heime igjen. Skikkelig veskehund.

Idag blir det først lunch på Ås og deretter kvelds her heime. Gler meg til kvalitetstid med kvalitetsjenter :)

Friday, December 17

Honey, eg brente dei brente mandlane

Eg er i gang med å ordne julegåver, og sidan eg er blakkare enn blakkast, prøver eg å lage nokre heimelaga gåver. Det går sånn passe. Og masterskrivinga går sånn passe. Kjipt å føle at det aldri blir heilt ferie!
Men av gode nyheter: Luna er oppe i nesten to timar utan nevneverdig bråk!
Og eg er heilt avhengig av Smokey Robinson and the Miracles - Christmas Everyday

Det er forresten skikkelig vinter i Oslo no, med dertilhøyrande misty briller og lue langt nede i panna

Wednesday, December 15

Home is where the heart is

Det var deilig og på høg tid å komme tilbake til Oslo igår. Home Sweet Home indeed. Og Daniel gjorde det ekstra koselig ved å overraske meg to gangar. Første overraskinga var at han sto ved arrivals på Gardermoen og venta på oss. Den andre overraskinga venta heime i stova:
Luna gave it away ved at ho sprang rett inn i stova og byrja å drikke av juletrefoten. Tenk at han har handla med seg, tatt under armen og satt opp <3
Litt sliten etter sin andre flytur.
Veldig sliten etter å ha styra, ordna og stått opp tidlig
Luna observerer det halv-pynta treet
stjerna på toppen med ca inga klaring til taket
Fin julestemning midt i desember. No manglar berre alle julegåvene.

To muldvarpar idag tidlig

Ser ikkje heilt ut som starten på ein supereffektiv dag da men...

Var på middag på Bærums Verk igår, og har bestemt meg for å prøve å bli meir medviten(!) nynorsken min. Daniel har allereie merka litt endring, og forhåpentligvis skal eg halde fram med å bli flinkare. Hadde vore kjipt å miste det heilt.
Ja, og ei anna gladsak: Vi overlevde den hasardiøse køyreturen inn igjen til Oslo. Tuva, enig i at det er litt nær-døden-oppleving å sitte på i den bilen ;)

Tuesday, December 14

Ekte vestlandsvær

Plutselig snudde all nostalgien rundt Vestlandsver og eg fekk meg ein reality check
regn som skurer bort snøen og alt ein står att med er klink is!
Luna vil også tilbake til Oslo.....
Trygt heime i yndlingsstolen sin
stir up day
Mince meat til mince pies <3
Luna worshipping...
Mamma sitt prosjekt sidan sommarferien er nesten ferdig
Tre matchande rosa bjørnar til tre små søstre som bur i nabohuset
stiller dei opp mot den oransje puta...
"shapeless bears in totally ill-fitting dresses"
Kvinner seg opp for å gå bort til naboen og bli den galne kvinna i nabolaget.

Tuesday, December 7

All sfinxed out










Eg og Luna koser oss i Volda. Det er skikkelig Winter Wonderland her, med snødekte fjell og hus, juledekorasjonar og herlig vintertemperatur. Merker at eg blir litt melankolsk ved
tanken på at eg sansynligvis aldri meir skal bu på Vestlandet, at eg aldri får oppleve slike vintrar med behagelig vintertemperatur. Er deilig å kunne gå tur med Luna rundt
Rotevatn og kose meg med å nesten ikkje møte på nokon andre , istedenfor å gå tur rundt Sognsvann og føle at huda i ansiktet svir, at kulden trenger inn overalt, og at ein går i
kø med andre sjølv-kulde-skaderar. Og Luna elskar at det ikkje er salta her! Ho kan gå uten dekken og sokkar uten å fryse eller skade labbane <3
Men ja, eg ville ikkje bytta Daniel, offentlig transport, innvandrerbutikkar og ein by full av muligheter mot behagelig vintertemperatur. Sjølv om det er winter wonderland i Volda no, så er ikkje Volda wonderful på alle dei andre viktige måtane.

Saturday, December 4

Sherpa-win

Etter å ha tråla rundt mange av Oslo sine dyrebutikkar fann eg endelig det eg leita etter: Sherpa bag. Til den nette sum av 1125. Men ja, forhåpentligvis kan vi bruke den for evig og alltid.






Klar for flytur til Volda!

Thursday, December 2

Pjusk

Idag fann vi yndlingsleiken drept på stovegolvet
....brutalt
Noko motvillig kledd i vinterklede
Sokkar på snøen
Meg i fin traktorlesbestil (i minus 14!)
Pjusk og småsjuk :(
Daniel drar avgårde på skulen og lar meg vere heime med sjuk hund

Sjuk hund er ikkje så langt unna sjukt barn. Våkna idagtidlig og blei redd for at ho var død, sidan eg ikkje hørte noko frå ho. Men heldigvis både pusta ho og vifta med halen då eg kom inn til ho. Og hostar.